På dette kurset får du ein praktisk gjennomgang av digital delbestilling.
Opplæring i korleis du bestiller digitalt steg for steg.
Informasjon om tilgang og brukarroller.
Oversikt over artiklar du kan bestille digitalt.
Informasjon om kva du ikkje kan bestille digitalt.
Enkel statistikk som viser bruken av digital bestilling.
Vi svarar på spørsmål som deltakarane stiller i chat.
Målgruppe
Kurset er for kommunale teknikarar og for samarbeidspartnarar som har mynde til å bestille deler digitalt fordi dei utfører tekniske tenester på vegne av kommunen.
Praktisk informasjon
Vi sender deg lenke til nettmøte dagen før kurset. Kurset blir gjennomført i Microsoft Teams.