Praktisk workshop for brukarmiljø som nyttar kommunikasjonshjelpemiddelet TD Snap. På dette kurset arbeider ein med sitt eige oppsett i TD Snap.
For å delta på kurset må du ha sett desse opplæringsvideoane:
Lenke til "Teknisk innføring TD Snap Core First" (YouTube).
Lenke til "Pedagogisk innføring TD Snap" (YouTube).
Målgruppe
Kurset er for fagpersonar og pårørande med direkte opplærings- og oppfølgingsansvar rundt hjelpemiddelet. For å få best mogleg utbytte av kurset, er det svært verdifullt at heile gruppa rundt brukaren er samla.
Kursansvarleg
Kursansvarleg er Charlotte Iversen (tlf.nr. 93 65 41 97, e-post [email protected]).
Praktisk informasjon
Ta med eigen PC, Tobii-maskin eller iPad med oppdatert programvare for TD Snap.
Ta med niste. Vi serverer kaffi og te.
Transport og parkering
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har avgrensa plass til parkering, og besøkande kan dessverre oppleve at det ikkje er ledige plassar på området. Vi oppmodar kursdeltakarar om å køyre saman, eller bruke offentleg transport.
Sjå rutetider for buss og bybane på skyss.no.
Meld deg på