Godkjenningskurs for ergo- og fysioterapeutar som formidlar elektriske rullestolar. Saman med e-læringskurs med avsluttande test, er kurset obligatorisk for terapeutar som skal formidle og gje opplæring i bruk av elektriske rullestolar.
Ein del av kurset er praktisk gjennomgang av rullestolar og køyring med elektrisk rullestol utandørs. Hugs klede etter været!
For å delta på kurset må du vere ferdig utdanna ergo- eller fysioterapeut, eller ha starta på sjette semester av ergo- eller fysioterapiutdanninga. Du må også ha gjennomført og bestått e-læringskurs på Kunnskapsbanken (sjå lengre nede).
Etter påmeldingsfristen vil du få ein e-post med lenke til eit skjema der vi ber deg bekrefte at dette gjeld deg.
E-læring før praktisk kurs
E-læringskurset «Godkjenningskurs elektrisk rullestol» må vere gjennomført og testen i kurset må vere bestått, før du melder deg på praktisk godkjenningskurs på hjelpemiddelsentralen.
Her er lenke til e-læringskurs med test på Kunnskapsbanken.net.
Målsetting
auke kunnskapen om formidling av elektriske rullestolar
sikre at brukarar får kvalifisert opplæring i bruk av elektrisk rullestol
redusere risiko for uhell ved køyring med elektrisk rullestol
Målgruppe
Kurset er for ergo- og fysioterapeutar som formidlar elektriske rullestolar. Studentar som har starta på sjette semester av ergo- eller fysioterapiutdanninga kan også delta.
Praktisk informasjon
Ein del av kurset vert gjennomført ute. Hugs klede etter været!
Ta med eigen matpakke.
Ver merksam på at resepsjonen vår er ubemanna. Du registrerer deg på sjølvbetent løysing når du kjem til hjelpemiddelsentralen. Bruk menyvalet "Eg skal på kurs" når du registrerer deg.
Transport og parkering
Nav hjelpemiddelsentral Vestland har avgrensa plass til parkering, og besøkande kan dessverre oppleve at det ikkje er ledige plassar på området. Vi oppmodar kursdeltakarar om å køyre saman eller bruke offentleg transport.