TD Snap er eit digitalt verktøyprogram for personar med behov for ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon.)
Kurset gjev ei innføring i korleis ein kan redigere, tilpasse og bruke TD Snap til den enkelte brukaren. Vi går gjennom dei mest grunnleggande funksjonane for å få ein kontrollert start.
Målgruppe
Kurset er for fagpersonar og pårørande med direkte opplærings- og oppfølgingsansvar rundt hjelpemiddelet. For å få best mogleg utbytte av kurset, er det svært verdifullt at heile gruppa rundt brukaren er samla.
Kursansvarleg
Kursansvarleg er Charlotte Iversen (tlf.nr. 93 65 41 97, e-post [email protected]).
Praktisk informasjon
Ta med eigen PC, Tobii-maskin eller iPad med oppdatert programvare for TD Snap.
Ta med niste. Vi serverer kaffi og te.
Transport og parkering
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har avgrensa plass til parkering, og besøkande kan dessverre oppleve at det ikkje er ledige plassar på området. Vi oppmodar kursdeltakarar om å køyre saman, eller bruke offentleg transport.