Om kurset
På dette kurset vil vi informere om og vise fram
korleis du kan kontakte Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen
kva løysingar for å få assistansen til å reparere hjelpemiddel som finst
i kva for rekkefølge skal du bruke desse hjelpemidla
Du vil også få svar på desse spørsmåla.
Kva er Microsoft Copilot? På kva måte kan du ha nytte av dette verktøyet?
Kva er teknikktelefonen? Og når kan du bruke denne tenesta?
Kva er LiveLens? Når kan videosupport vere nyttig?
Kva kan teknisk ordrekontor hjelpe deg med?
Målgruppe
Kurset er for kommunale teknikarar som jobbar i tidlegare Hordaland fylke, og som samarbeider med Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen. Du må melde deg på med den kommunale e-postadressa di.
Praktisk informasjon
Kurset blir gjennomført i Microsoft Teams. Deltakarar som har meldt seg på med e-postadresse frå ein av samarbeidskommunane våre får tilsendt lenke nokre dagar før kurset startar.
Kursansvarleg
Ansvarleg for kurset er Lars-Erik Dyrøy (telefon 40 46 25 07 / e-post [email protected]).