kor og korleis du skal henge opp høgtalarar for å få best mogleg lydbilde
å montere kablar
å kople til eksternt utstyr
å justere mikrofonar og mottakarar
Vi tilbyr også individuell hospitering, viss du har behov for det. Då kan teknikar frå hjelpemiddelsentralen hjelpe deg med montering av anlegg. Avtale om hospitering gjer du direkte med kursansvarlege, og du foreslår sjølv tid, stad og læringsmål.
Vi anbefaler deg å ta e-læringskurset "Grunnkurs hørsel" på Kunnskapsbanken.net før kurset på hjelpemiddelsentralen.
Målgruppe
Kurset er for teknikarar i kommunen, lærarar, høyrselspedagogar og andre som brukar lydutjamningsanlegg frå Nav og samhandlar med Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen.
Jobbar du i kommunen, må du bruke den kommunale e-postadressa di når du melder deg på.
Praktisk informasjon
Kurset er gratis.
Ta med eigen matpakke, så serverer vi kaffi og te.
Kursansvarleg
Ansvarleg for kurset er Lars-Erik Dyrøy (telefon 40 46 25 07 / e-post [email protected]).
Transport og parkering
Nav hjelpemiddelsentral Vestland har avgrensa plass til parkering, og besøkande kan dessverre oppleve at det ikkje er ledige plassar på området. Vi oppmodar kursdeltakarar om å køyre saman eller nytte offentleg transport.